Program for Sagvåg Skulekorps vår 2004

Konkurranse

Sagvåg Skulekorps skal delta på konkurranse på Aksdal laurdag den 21. februar.

Jubileumskonsert

Jubileumskonsert 27. mars på Stord Vidaregåande skule. Det vert seminar helga før.

17. mai

På 17. mai spelar me som vanleg i barnetoget i Sagvåg. Kanskje vert det også 15 minuttars speling anten på Litlabø eller Tjødnalio skule eller beggje plassar.

NM i Stavanger - Danmarkstur

Laurdag den 19.6.2004 skal me delta på NM Brass Band for skulekorps i Stavanger. Deretter reiser me til Danmark, og returnerer til Sagvåg fredag den 25. juni.

Plan for første halvår 2004