Sagvåg Skulekorps skal laga eit historiske hefte i samband med 50 års-jubileet i 2004.

Her kjem nokre smakebitar:

Jubileet 1984
Viktige milepælar for korpset:

I 1969 fekk Sagvåg skulekorps sine første uniformar (blå).

I 1977 laga mødrekluben fane til korpset. Denne er teikna av Tove Vikanes.

I 1980 deltok korpset i konkurranse i Grieghallen og art nr 4 i 2. divisjon janitsjar

I 1981 deltok korpset i Morkamarsjen og kom i Guinness Rekordbok

I 1985 november gjekk ein frå janitsjar til brass

I 1987 vart det kjøpt nye uniformar (raude)

I 1993 3. plass i Sunnhordland open

I 1994 tur til Scarborough – vant konkurranse

I 1994 3. plass i Sunnhordland open

I 1995 3. plass i Haukås Brassfestival 2.div

I 1997 3. plass 1. divisjon NM for Brassband

I 1997 1. plass i Sunnhordland open

I 1997 2. plass i Brass

I 1998 4. plass i 2. divisjon NM for Brassband

I 1999 Tur til Frankrike med speling i Disneyland

I 1999 2. plass i Bømlo blåsen

I 2000 2. plasss i Bømlo blåsen

Nye uniformar i 1969

Dirigentar gjennom åra:

Syvert Birkenes 1954-56

Erling Paulsen 1956-66

Øyvind Aas 1966-67

Rolf Almås 1967-74

Per Olav Paulsen 1974-75

Jan Myhre 1975-77

Rune Nøttvedt 1977-78

Per Olav Paulsen 1978-82

Øyvind Hjelmen 1982-1985

Jan Magne Olsen hausten 1985

Eli Jorunn Tangerås 1986-1987

Harald Stautland 1987-1991

Jan Magne Olsen 1991-?

Leif Jarle Larsen

Harald Stautland?

Jan Magne Olsen

Torbjørn Røssland 1999-2001

Rune Nesse 2001-

17 mai sagvåg 1981
Rekneskapen i 1956/57
Frå jubileumsskrivet i samband med 30 års jubileet i 1984:

”Sagvåg skulekorps vart skipa 23. september 1954, og dei hadde då 15 instrument. Desse var ei gåve frå initiativtakarane, Sagvåg Musikklag, som frå 1947 hadda hatt ei aspirantgruppe. Det var denne aspirantgruppa som no vart til Sagvåg Skulekorps.

Det har heilt sidan oppstarten vore eit godt samarbeid mellom Sagvåg Musikklag og Sagvåg Skulekorps, og det har vore vanleg heile tida å rekruttera instruktørar frå Sagvåg Musikklag.

I Sagvåg Skulekorps som i andre korps har aktiviteten gått i bølgjedalar, og no i jubileumsåret verkar det som om bølgja går oppover.

Det vart tidleg klart at dersom ein skulle sikra rekrutteringa, måtte ein få notekurs/aspirantopplæring inn i faste former. Den første tida hadde ein ikkje notekurs, og dei som var med, vart tekne ut etter skjøn og interesse, og ofte etter det materiellet korpset hadde ledig. Opplæringa vart gjeven i sjølve korpset. I dag (1984) må dei som ønskjer å vera med først gå gjennom eit notekurs, greia ei opptaksprøve og så gå inn som aspirant med ca 1 ½ til 2 års aspiranttid før dei kjem inn i korpset. Notekurset kan dei ta frå 3. klasse og oppover.

verdensrekord lengste marsj spel (Ida) 20.6.1981
fire fine jenter på korpstur til kristiansand 1977
I jubileumsåret 1984 spelte desse i korpset:

Birgit Almås, Heidi Almås, Kristin Almås, Stig Kjoberg Almås, Ståle Andre Almås, Inge Martin Alsaker, Lars Martin Johnsen, Anja Karlsen, Tone Lilleskapre, Anders Lunde, Nils L. Matre, Reidun Olsen, Frode Otesen, Stella Ottesen, Vigdis Pettersen, Egil Petterteig, Tormod Stautland, Ståle Simonsen, Audun Tveit, Ingrid Tøkje, Hans Aksel Valvatne, Håvard Valvatne, Jarle Valvatne, Dag Rune Vatle, Ingunn Vikanes, Geir Aasheim, Wenche Aarnes.

Hausten 1984 har korpset 26 musikantar og 1 tamburmajor, 4 aspirantar med 1 år bak seg og 8 nye aspirantar, tilsaman 39.

Mykje arbeid vert framleis lagt ned i opplæring. I jubileumsåret har korpset delteke på Stordøystemne og vore på tur til Oslo. 21 oktober skal korpset ha jubileumskonsert i kulturhuset.”